
Vassgraut
Oppskrift fra Leveld.
Grøt
Lett
20minutter
Buskerud
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 3.5 dl byggmjøl (gjerne Skjåkmjøl)
- 1 l vatn
- 1 ts salt
Fremgangsmåte
- Kok opp vatnet. Visp inn litt og litt av mjølet med anten turu eller visp medan vatnet småkokar. La grauten koke nokre minutt, rør i han innimellom. Ha i salt.
Grauten skal etast med mjølk attved, gjerne sur mjølk. Det er godt å leggje primskiver (brunost) uppå. Somme vil heller ha smørauga og sukker på.
Kaldgraut
Blir det att ein rest, kan den kvelvast over i ein djup talikk og etast som kaldgraut med varm mjølk over til kveldsmat.
Håggrøyt
Kokar ein grauten på mjølk i staden for vatn, blir det håggrøyt. Bruk då litt mindre mjøl
Vassgraut som jolemat
Vassgraut vart og brukt til dugurdsmat joleftan, men då vart det blanda inn betar av kvitost, (frå gamalt heimelaga kvitost, seinare Norvegia) og øl (tomtebrygg) oppå grauten.
Dette er det nesten slutt på i dag, men blir brukt på nokre fåe plassar.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Bjørg Feten i Leveld Bygdekvinnelag. Ho skriv at vassgraut vart dagleg brukt som dugurdsmat på gardane her til godt ut i siste halvdel av 1900-talet.