Skrivabrød

skrivarbrød på fat

Skrivabrød

Oppskrift på tradisjonsrik bakst frå Oppdal.

Kaker

Vanskelig

3timer

Sør-Trøndelag

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 l søt fløyte (onnbakst)
  • 1 l vatn eller mjølk (onnbakst)
  • 1 l grynmjøl (onnbakst)
  • 6 dl rømme
  • 6 dl mjølk
  • 4 ss sukker
  • 1 ts kardemomme
  • 2 ss grynmjøl
  • 1 l kveitmjøl (cirka)
  • 1 ss potetmjøl

Fremgangsmåte

Lag «onnbakst»:

  1. Bland saman fløyte og vatn, visp på mjøl til passe tjukk «åkåst» (røre). Ein lyt prøve seg fram, for ein treng ikkje like tjukk åkåst til alle jarn. Aus åkåsta i lenjarn eller kromkakejarn og steik fine leivar. Avkjøl. Legg dei oppå kvarandre i stabbe med press oppå («farj»).

Skrivabrød-åkåst:

  1. Lag ei seigvore og fin åkåst av rømme, mjølk, sukker, kardemomme og mjøl (du kan godt bruke søt fløyte og tettemjølk). Ha ei eit par skeier rømme eller fløyte i åkåsta når den ferdig, for da blir den kvitare. Litt potetmjøl gjer at krotinga ikkje sig utover.
  2. Legg 10-15 onnebakstleivar på ein tretallerken eller ei lita trefjøl, legg ei skei av åkåsta oppå og krot det utover med ein neverkam. Det kan krotast i ymse mønster.
  3. Steik på plate i steikeomn – sett plata på øvste rille, full overvarme, svak undervarme, ein liten gløtt på omnsdøra. Når leivane er steikt og avkjøla, legg dei i stabbe med lett press oppå. Legg brødet i tett boks.

Når ein steikjer onnbakst i kromkakejern, har dei lett for å bli kronglute. Da hjelper det å la dei ligga påkrota ei lita ri før ein steikjer dei. I verste fall – klipp eit lite hakk i verste krongla. Skrivabrødet skal vera glatt og vakkert – forseggjort.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Oppdal Bygdekvinnelag. Skrivabrød er tradisjonsrik bakst frå Oppdal, bruka i lag og ved høgtider.