
Rummegraut
Også kalla slåttegraut, bufargraut eller barselgraut i Hallingdal.
Grøt
Middels
45minutter
Buskerud
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1 l rumme (35% fett)
- 1.5 dl kveitemjøl
- 2 ss byggmjøl
- 0.25 ts salt
Fremgangsmåte
- La rummen småkoke til feittet visar seg. So tvillar ein i mjølet, rører forsiktig so det ikkje legg seg nedi. Kok til fløtet kjem fram. Smak til med salt.
Server med sukker og kanel, og flatbrød om ein vil, eller kjæsebreste laga av skumma mjølk. Søt skumma mjølk eller raud saft til drikke.
Tips!
Er fløtet (feittet) vanskeleg å få ut, kan det hjelpe med ein skvett kremfløyte eller smør i. Eller prøv å la grauten stå lite over svak varme.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Torpo Bygdekvinnelag, og er henta frå boka «Hallingskost» av Lise Laa (1998).
I boka kan vi lese at rummegraut og vart brukt som sending til gjestebod eller likferd. Då vart grauten aust i eit djupt fat, sett på eit kvit plagg, alle fire hjørna knytt saman og hengt over armen.