Rømmegraut – rømmegrøt

Rømmegraut, rømmegrøt

Rømmegraut – rømmegrøt

Tradisjonell Festgraut.

festgrøt

graut

grøt

rømmegraut

rømmegrøt

setergrøt

stølsgrøt

Grøt

Lett

20minutter

Sør-Trøndelag

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 5 dl seterrømme
  • 1 dl vatn (drøyt 1 dl)
  • 2 dl kveitemjøl eller blanding av grymjøl og kveitemjøl
  • 5 dl mjølk
  • 1 ts salt

Fremgangsmåte

Bland rømmen og vatnet i kjelen og kok opp i 5 minutter. Sikt på halvparten av mjølet og rør kraftig. Lat det stå og koke ved svak varme til smøret (feitet) piplar fram. (Vatnet gjer at feitet kjem lettare). Skum av smøret med sleiv før du rører i resten av mjølet og sper med mjølka. Ta litt om gongen, og rør godt mellom kvar gong. Lat grauten småkoke ca 5 minutter, før du smakar til med salt.

Dei fleste likar å få rømmegraut med sukker, kanel og rømmegrautsfeitt oppå. Attåt liker somme mjølk, andre vil helst ha saft.

Rettens opphav

Oppskrifta er henta frå boka «Tradisjonsmat i Rennebu – kulturbakgrunn og oppskrifter», samla og utgjeve av Rennebu Bondekvinnelag, 1997.