Potetkaker

potetkaker

Potetkaker

Slik lagar du potetkaker - med video.

Brødmat/Bakverk

Middels

60minutter

Sogn og Fjordane

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 kg kokte poteter
  • 1 ts salt
  • 125 g kveitemjøl eller speltmjøl
  • 3 ss lettrømme

Fremgangsmåte

  1. Ta kokte, varme poteter og gni dei sund med kjevle eller mal dei på kvern saman med salt.
  2. Bland inn mjøl og rømme. Du kan elte det i 2 minutt på miksar eller knuse med ein potetstappar.
  3. Del deigen i 15 emne og bak ut i tynne litt store potetkaker. Bruk rikeleg med kveitemjøl på bakebordet.
  4. Steik på varm takke. Legg kakene på kvarandre i eit klede.

 

Rettens opphav

Denne oppskrifta er frå Kari Støfringsdal.
I boka «Fjordamat» (2008) kan vi lese at potetkaker eller lomper er laga av kokte poteter og mjøl. Her vart det òg brukt byggmjøl for å spare på kveitemjølet. Dette var kaker som vart laga mykje under krigen for å spare på brødmjølet. Ikkje alle poteter er like gode å lage kaker av. Potetsorten Beate gjev seig og god potetmasse, så ein treng lite mjøl, og jo mindre mjøl ein har i kakene – jo mjukare vert dei.