
Nepespa med kjøt
Nepespa er tradisjonell jolemat i Valle.
Middagsretter
Middels
3timer
Aust-Agder
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1.5 kg nepe/kålrot
- 2.5 l vatn
- 0.5 kg salta/turka/røykt kjøt av sau eller lam.
- 1 l mjølk
- 7 ss kveitemjøl
Fremgangsmåte
I Valle blir kålrot kalla nepe, så når det står nepe er det kålrot. Spaet blir servert saman med smurde lefser, kjøt og/eller aure.
- Kok kjøtet i vatnet i 2 1/2 time. Del nepa i store bitar og kok dei saman med kjøtet. I mellomtida lagar du ei kald jamning av mjølk og mjøl.
- Ta opp kjøt og nepet, og hald det varmt. Tøm jamninga i krafta og la det koke 8 – 10 min til mjølsmaken er borte. Smak til med salt.
Server spaet med smurde lefser, kjøt og nepebitar. Nokon legg nepe og kjøt i lefsa og duppar det i spaet.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Valle Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Ordet spa kjem frå norrønt og tyder tynn suppe. Dei fleste heimar i Valle har sin eigen vri på retten, og det er difor mange lokale variasjonar av nepespa.»