Nepespa med aure

Gryte som damper

Nepespa med aure

Nepespa er tradisjonell jolemat i Valle.

Middagsretter

Middels

3timer

Aust-Agder

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1.5 kg nepe/kålrot
  • 2.5 l vatn
  • 2 kg aure
  • 0.5 l mjølk
  • 8 ss kveitemjøl

Fremgangsmåte

Kålrot blir kalla nepe i Valle, så når det står nepe i oppskrifte, er det altså kålrot.

  1. Skrell og del nepa i store bitar, og kok i vatnet i 2,5 t.
  2. Rens fisken, og la han trekke i lettsalta vatn i 30 – 40 min.
  3. Bland saman 2 l nepekraft og 1,5 l fiskekraft. Lag jamning av mjøl og mjølk og ha i krafta. Kok i 8 – 10 min til mjølsmaken er borte.

Server nepespa saman med nepebitar, fisk og smurde lefser.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Valle Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Ordet spa kjem frå norrønt og tyder tynn suppe. Dei fleste heimar i Valle har sin eigen vri på retten, og det er difor mange lokale variasjonar av nepespa.»