Fleskasos frå Fitjar
Enkel og grei middagsrett.
Middagsretter
Lett
30minutter
Hordaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 300 g bacon
- 2 stk kjøttpølser
- 1 stk løk
- 6 ss kveitemjøl
- 3 dl vatn
- 5 dl mjølk
- 1 ts salt
- 0.05 ts pepper
- 2 dl surmjølk
Fremgangsmåte
- Skjær bacon og kjøttpølse i terningar, og løken i bitar. Steik baconet i ei jerngryte, ha i løk og la den steike til den vert gyllen. Ha i kjøttpølsene og la dei også steike med ei stund. Rør i kveitemjøl og spe med vatn og mjølk. La det koke ca. 10 min. smak til med salt og pepper. Rør inn surmjølk til slutt.
Server fleskasosen m. kokte poteter til, grønnsaker, t.d. kålrot gulrot og blomkål.
Ein kan og ha råkost til.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Solfrid Sandvik i Fitjar Bygdekvinnelag. Hun skriver at dette er god gammalddags husmannskost.