
Fiskelefse/kastelefse
Frå Hovet i Hallingdal.
Brødmat/Bakverk
Middels
60minutter
Buskerud
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1.5 kg potet (mandel)
- 150 g margarin
- 0.75 ts salt
- 3 dl kulturmjølk
- 150 g sikta rugmjøl
- 350 g kveitemjøl
Fremgangsmåte
- Kok og skrell potetene – mal dei saman med margarin. Sett dette kaldt til neste dag. Bland saman potetmassen, salt, kulturmjølk og mjøl. Bruk mjøl til deigen er smidig/mjuk – ikkje for mykje. Lag emner på ca 100-120 gr.
- Legg dei kaldt, kjevle ei og ei ut til ei passe tunn lefse. Steik dei på varm takke 7-8, snu dei ofte. Pakk dei inn i eit klede når dei er steikt.
Dette blir ca 16 – 18 lefser.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Sigrunn Røthe Mørk i Hovet Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Det fins eit uttal lefseslag, kvar landsdel, kvar bygd,ja ofte kvar bakstekjering har si oppskrift.
Fiskelefse eller kastelefse som ho også blir kalla,og namnet kjem av at lefsa under steiking vart snudd ofte, kasta rundt på takka.
Denne lefsa blir brukt til rakafisk, lutefisk til julemat eller til kvardags med smør og ost.»