Blodpannekaker

Monica Friedrich Johannessen

Blodpannekaker

Ein gammal tradisjonsrett etter oppskrift frå Voss.

Middagsretter

Middels

60minutter

Hordaland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 0.5 l blod frå svin
  • 0.5 l mjølk
  • 0.5 l vatn
  • 1 ts allehånde
  • 1 ts nellik
  • 1.5 ts kanel
  • 0.5 ts salt
  • 1.5 ss sukker
  • 0.5 dl sirup
  • 100 g byggmjøl
  • 275 g kveitemjøl
  • 2 ss smør til steiking

Fremgangsmåte

  1. Bland saman blod og mjølk. Bland saman byggmjøl, krydder og salt. Pisk det inn i mjølk/blodblandinga. Pisk inn sirup og kveitemjøl og rør til ei klumpfri røre. Spe med vatnet. La røra stå og svelle ca.20 min.
  2. Steik tynne pannekaker på ei godt smurd takke.

1 porsjon gir cirka 25 pannekaker

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Voss Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«På grunn av at blodet var lite haldbart i frisk tilstand var det vanleg og servera blod like etter slakting. Og ein nytta alt på dyret etter slakting. Blodbrød eller klubb var vanlege rettar som gjorde at ein kunne lagre blodet mykje lenger. Dette før frysarens tid.»