
Potetball
Ball med mørpølse, slik dei gjer det på Sunnmøre
Middagsretter
Middels
2timer
Møre og Romsdal
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1 kg rå poteter
- 200 g kokte poteter
- 1 stk løk
- 4 dl byggmjøl
- 2 ss havregryn
- 3 l vatn eller kraft
- 6 stk kålrabiskiver
- 500 g salt kjøt eller røykt pølse
- 150 g baconterningar
- 1 stk mør (spekepølse) til å ha inni ballen
Fremgangsmåte
Rensk potetene og løken. Mal dei på matmølle. Ha i salt og mjøl og la maskina gå til deigen er ferdig. Deigen skal vere så fast at han held forma på ei skei. Form ballane og legg ei skive med mør i kvar ball.
La ballane koke/trekke i tre kvarter til ein time, alt etter kor store dei er. God potetball skal vere mjuk og lett å skjere når ein set kniven i. For å oppnå dette, er det lurt å ha loket på under kokinga, då går dampen ned igjen i kasserolla. Dette gjer at ballen får ein mjukare konsistens. Kok gjerne kålrabi saman med potetballen.
Kokt kjøt eller røykt pølse vert servert på fatet saman med ballen. Eg steiker baconbitar og serverar det ved sida av saman med baconfeittet. Kulturmjølk å drikke attåt.
Rettens opphav
Denne oppskrifta kjem frå Solveig Linge Stakkestad i Valldal Bygdekvinnelag, og står i boka «Den gode smaken», gjeve ut av Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.