Brennsnut

Monica Friedrich Johannessen

Brennsnut

Kjøtsuppe frå Sunnmøre

Middagsretter

Middels

2timer

Møre og Romsdal

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1 stk spekeknoke
  • 4 l vatn, eller 4 l vatn og kraft frå pinnekjøt
  • 1 dl byggryn (kan sløyfast)
  • 8 stk poteter
  • 6 stk gulrøter
  • 1 stk purre eller 2-3 løk
  • 2 ts salt
  • 1 stk kjøt frå spekeknoken eller restar av pinnekjøt

Fremgangsmåte

Legg gryna i vatn kvelden før. Kok spekeknoken eit par timar, saman med byggryna. Skjer alle grønsakene i små bitar, og ha det i på slutten av koketida.

Ta opp spekekniken og rensk av det kjøtet som er att, og skjer alt kjøtet i smått og ha det i suppa. Anna kjøttilsetning kan vere røykte pølser, kjøtbollar og steikt kjøtdeig.

Brennsnuten vert ulik for kvar gang, men han smakar alltid heilt fortreffeleg!

 

Rettens opphav

Brennsnut er ein matrett alle sunnmøringar har eit forhold til. Det er ei kjøtsuppe der grunnlaget er spekekjøtknoke, eller god kraft frå julaftansteik (pinnekjøt).

Oppskrifta kjem frå Solveig Linge Stakkestad i Valldal Bygdekvinnelag. Den står på trykk i boka «Den gode smaken», gjeve ut av Møre og Romsdal Bygdekvinnelag.