Stompakaker

Stompakaker

God og enkel takkebakst.

Brødmat/Bakverk

Lett

60minutter

Hordaland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 1.4 l kveitemjøl
  • 1.5 dl sukker
  • 4 ts natron
  • 1 l kulturmjølk

Fremgangsmåte

  1.  Bland det tørre, rør i kulturmjølka. Ta ei skei av røra og ha den opp i ei skål med mjøl, form den i handa og set den på turr steiketakke og klapp den ut til ei rund kaka. Ikkje for mykje mjøl med på takka. Steikast på begge sider

Stompakaker smakar godt med smør og sirup eller brunost.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Turid Bjørndal Njåstad i Osterøy Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Eg fekk denne oppskrifta på stompakaker hos ei eldre dame i laget.  Stompakaker var mykje brukt tidligare når ein ikkje hadde steikeomn. Då var det nok kvardagsmat, idag er det meir til fest.  Ein kan steika dei på takke eller i tørr steikepanne»