Hermetiske plommer, pærer og morell

Hermetiske plommer, pærer og morell

Oppskrift fra Valldal.

Desserter

Middels

60minutter

Møre og Romsdal

Lagre som favoritt

Ingredienser

Fremgangsmåte

Sukkerlake

1 l vatn og cirka 300 g sukker (etter kor søt frukta er). Kok opp.

Hermetiske pærer

Skrell pærene, ta ut kjernehuset og del dei opp anten som halve pærer eller i båtar.  La dei trekke i sukkerlaken ca 15 min.  Tida kan variere etter storleiken. Prøv  med ein pinne når dei er møyre. Fyll pærene på varme reine glas og ha i sukkerlake opp til kanten på glaset.

Plommer

Plommer er også veldig gode å hermetisere. Legg heile plommer i sukkerlake og la det trekke i 5-10 min avhengig av storleiken til dei er møyre.

Moreller

Morell treng berre ca 5 min å trekke i sukkerlaken.

Vi kan også hermetisere på ein anna måte, såkalla «kald hermetisering». Denne var mest brukt før. Då hadde vi ein spesiell hermetiseringskjele  med ei rist i botnen.

Kok opp sukkerlake og avkjøl.  Legg frukt/ bær i kaldt glas. Fyll på kald sukkerlake nesten til kanten. Skru loket nesten att, innhaldet utvidar seg ved oppvarming og då må det ikkje vere heilt tett. Set glasa i ei kasserolle med rist i botnen, og fyll på vatn  nesten så langt opp som innhaldet  i glasa. Varme opptil ca 80-90gr. Dette treng litt lenger tid enn den andre hermetiseringa. Sjå etter når frukta/morell endrar seg, og at du kan sjå antydning til små sprekker på  frukt/bæra i glasa. Ta glasa opp og skru att loket. Viss du brukar Norgesglas, så set dei på hovudet.

Rettens opphav

Desse oppskriftene er sendt inn av Solveig Linge Stakkestad i Valldal Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Valldal er ei bygd med tradisjon for dyrking av bær og frukt. Oppskriftene vi sender er basert på dette. Hermetisk frukt og bær med krem var alltid søndagsdesserten hjå oss og mange.»