
Sofiekaker
God oppskrift fra Sirdal.
Kaker
Middels
30minutter
Rogaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 2 stk egg
- 10 ss sukker
- 1 l kulturmjølk
- 1 kg kveitemjøl
- 1 ss natron
- 0.5 ts litt bakepulver
- 0.5 dl rømme (eller anna feitt)
Fremgangsmåte
- Bland alle ingrediensar saman til ein relativt blaut deig.
- Ha ein suppetallerken/eit vidt, lågt fat med kveitemjøl i, og ta ein passe deigklump med ei stor spiseskei og legg i mjølet. Vend deigen i mjølet, ta deigen i hendene, slå/klapp av mjølet og legg på bakstehella. Dette må gå fort! Trykk ut deigen til ei rund, flat kake om lag 1/2 cm tjukk og like stor som ein lapp. Steik på begge sider på tørr helle.
1 porsjon gir omlag 30 kaker. Sofiekakene er gode både med syltetøy og Nøtte.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Sirdal Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Denne varianten frå Sirdal kjem opphavleg frå Liland (i Sirdal), der det var to søstre som baka desse kakene, Josefine og Sofie. Familien til Sofie kalla dei for Josefinekaker, medan familien til Josefine kalla dei Sofiekaker. Ei av døtrene gifta seg til Fidjeland, fekk to jenter og ei gut, der den eine jenta, Astrid, halde ved like kunsten å baka Sofiekaker. Astrid halde fleire kurs, men det er få som bakar i dag, for det er nokså mykje arbeid og kliss, men m.a. oldebarnet til Sofie synest det er viktig å ta vare på tradisjonen.»