Rumbrød

Rumbrød

God takkebakst med lange tradisjonar.

Brødmat/Bakverk

Middels

3timer

Oppland

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 500 g margarin
  • 500 g smult
  • 5 dl sukker
  • 1400 g kveitmjøl
  • 2 dl vatn og mjølkeblanding
  • 1 ts kardemomme

Fremgangsmåte

  1. La alt du skal ha i deigen stå framme natta over, slik at det blir jamn temeratur på både mjøl og feitt.
  2. Kna i hop litt mjøl, sukker og feittet. Rør så inn resten av mjølet. La deigen stå å kvile på ein kald plass.
  3. Kjevle ut til ein tunn leiv. Bruk piggrulle over leiven, og stikk ut rundingar ca 13 cm i diameter. Steik dei på takke til dei er ljos brune på båe sider. Legg dei i stabbar etter som dei blir kalde.

Kan frysast. Ein kan byte ut kveitmjøl med litt byggmjøl om ein vil.

På bildet ser du også skrivabrød og avletter (trykk på linkene for å se oppskrift).

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Dovre Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Rumbrød høyrer til på kaffibordet, og ofte utan noko til. Men mange likar både smør og ost på,eller syltetøy. Dette er nok noko som var vore brukt i mange generasjonar, og mange hadde det framme til kvardagskaffien og. På biletet er stabelen med rumbrød til høgre.»