Mjukbrød
Gamal tradisjonsbakst frå Lesja.
Brødmat/Bakverk
Middels
2timer
Oppland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1 l skumma kulturmjølk
- 1 dl kveitmjøl
- 1 dl rugmjøl
- 900 g byggmjøl
- 0 ukjent kveitmjøl til utkjevling
Fremgangsmåte
- Rør alt sammen til en deig.
- Kjevle tynne store leivar og legg på varm takke. Leiven må snuast ofte og ha veldig kort steiketid. Pakkast godt inn for at det ikkje skal tørke.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Lesja Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«I Lesja er mjukt brød baka av byggmjøl og søt eller sur mjølk ein gamal tradisjon. Brødet heiter mjukbrød, og vart tidlegare baka berre til lag og høgtider, da det ikkje kunne oppbevarast lenge. Med frysaren som matoppbevaringsplass blir dette bakverket bruka året rundt. Men likevel mest til jul som betabrød til sylte, rull, rakfisk og lutefisk. Det smakar godt som betabrød til morr, men det trekkjer til seg feittet og må etast snøgt.
Mjukbrødet smakar og godt med smør, ost, egg, salt pølse og anna pålegg. Det er best å bake med skumma sur mjølk. Da held det seg lenger mjukt . Med søt mjølk kan det bli stivt i kantane. Brødet blir tradisjonelt steikt på glovarm vedtakke.»