
Fleskasos frå Tysnes
Smakfull middag med bacon.
Middagsretter
Lett
45minutter
Hordaland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 600 g bacon
- 2 ss margarin
- 5 ss baconfeitt
- 5 ss kveitemjøl
- 1 l H-mjølk
- 2 dl lettrømme
- 0.25 stk purreløk
- 0.25 ts pepar
- 0.5 ts salt
Fremgangsmåte
- Skjer baconet i terningar og brun det fint i margarin. Legg det over på fat, ta vare på baconfeittet.
- Rør saman baconfeitt og kveitemjøl i ei panne, og spe med mjølka litt etter litt til passe tjukk saus. Kok opp og ha så i baconet, la småkoke i ca. 10 minutt. Rør rømmen jamn med litt mjølk, og ha blandinga i panna. Ha i fint snitta purreløk, og la det koka nokre minutt til. Smak til med pepar og salt.
Server med gode, kokte poteter. Ynskjer ein grønsaker til retten, passar det med gulrot og kålrot.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Gerd Landeråen og Bjørg Espevik i Tysnes Bygdekvinnelag. Dei skriv:
«Fleskasos har vore ein vanleg kvardagsmiddag på Tysnes. Difor har vi valt dette som vår tradisjonsmatskatt.
Oppskrifta kan variera litt frå familie til familie. Vår oppskrift kjem frå Dorthea i Espevik, men litt tilpassa dagens smak. Dorthea var fødd i 1905, og var svært flink med koking og baking.
I den tid slakta mange gris sjølv, og då vart det nytta salt flesk i staden for bacon i fleskasosen, og ein brukte gjerne surmjølk og løk i staden for rømme og purreløk. Dei unge i våre familiar fører tradisjonen med fleskasos vidare, og det er ein rett som fell i god smak både hos store og små.»