Kvikaku frå Hemsedal

kjøkkenutstyr på hylle

Kvikaku frå Hemsedal

Flate tynne lapper steikt på takke..

Kaker

Middels

45minutter

Buskerud

Lagre som favoritt

Ingredienser

  • 3 dl sur mjølk
  • 7 dl søt mjølk
  • 370 g sikta kveitemjøl
  • 2 ss rug
  • 1 ts natron
  • 1 ts hjortesalt
  • 1 ts salt

Fremgangsmåte

  1. Rør saman alle ingrediensane til ei tynn røre. La denne stå mens du varmar opp takka. Denne skal vera temmeleg varm, slik at kvikakene raskt får farge.
  2. Smør takka med margarin eller olje. Hell på cirka ei lita ause med røre, brei røra utover slik at du får kaker på størrelse med ein liten asjett. La steike på eine sida, snu når fin farge. Dei skal vera så tynne at du kan rulle dei saman med lettheit. Dei er perfekte når dei er tynne, og rosete i steiken,og med hol i.
  3. Kvikakene leggast rett frå takka og på eit tjukt handkle e.l. Dei skal også ha handkle over , for å bli mjuke og fine.

Denne oppskrifta blir ca 30 stk. Beregn 3-4 stk pr pers. Servering: Med god rømme og syltetøy ved sida.

Rettens opphav

Denne oppskrifta er sendt inn av Torgunn Huso i Hemsedal Bondekvinnelag. Ho skriv:
«Kvikaku er sommarmat, steikt på takke på stølen. Røra til kvikaku er enkel, utan dyre ingrediensar i. Det er tilbehøret som gjer måltidet så godt: stølsrømme og godt syltetøy.»