
Skrivabrød
Oppskrift på tradisjonsrik bakst frå Oppdal.
Kaker
Vanskelig
3timer
Sør-Trøndelag
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1 l søt fløyte (onnbakst)
- 1 l vatn eller mjølk (onnbakst)
- 1 l grynmjøl (onnbakst)
- 6 dl rømme
- 6 dl mjølk
- 4 ss sukker
- 1 ts kardemomme
- 2 ss grynmjøl
- 1 l kveitmjøl (cirka)
- 1 ss potetmjøl
Fremgangsmåte
Lag «onnbakst»:
- Bland saman fløyte og vatn, visp på mjøl til passe tjukk «åkåst» (røre). Ein lyt prøve seg fram, for ein treng ikkje like tjukk åkåst til alle jarn. Aus åkåsta i lenjarn eller kromkakejarn og steik fine leivar. Avkjøl. Legg dei oppå kvarandre i stabbe med press oppå («farj»).
Skrivabrød-åkåst:
- Lag ei seigvore og fin åkåst av rømme, mjølk, sukker, kardemomme og mjøl (du kan godt bruke søt fløyte og tettemjølk). Ha ei eit par skeier rømme eller fløyte i åkåsta når den ferdig, for da blir den kvitare. Litt potetmjøl gjer at krotinga ikkje sig utover.
- Legg 10-15 onnebakstleivar på ein tretallerken eller ei lita trefjøl, legg ei skei av åkåsta oppå og krot det utover med ein neverkam. Det kan krotast i ymse mønster.
- Steik på plate i steikeomn – sett plata på øvste rille, full overvarme, svak undervarme, ein liten gløtt på omnsdøra. Når leivane er steikt og avkjøla, legg dei i stabbe med lett press oppå. Legg brødet i tett boks.
Når ein steikjer onnbakst i kromkakejern, har dei lett for å bli kronglute. Da hjelper det å la dei ligga påkrota ei lita ri før ein steikjer dei. I verste fall – klipp eit lite hakk i verste krongla. Skrivabrødet skal vera glatt og vakkert – forseggjort.
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Oppdal Bygdekvinnelag. Skrivabrød er tradisjonsrik bakst frå Oppdal, bruka i lag og ved høgtider.