
Klumpesuppe med erter (klempesuppe)
God gammal bondekost.
Middagsretter
Lett
3timer
Sogn og Fjordane
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 2 kg poteter
- 5 dl gule erter
- 5 stk gulrøter
- 1 stk kålrabi
- 2 kg salta tørka knoker av spekekjøt
- 300 g spekeflesk eller bacon
- 1 stk purre evt. løk
- 1.5 ss salt
- 1 ukjent malen pepper
- 700 g kveitemjøl
- 1 l mjølk til passe masse
Fremgangsmåte
- Bruk salta tørka knoker av spekekjøt, spekeflesk eller bacon. Sag opp i passe stykker. Legg lettsalta røykt svineknoke eller salta tørka knoker av spekekjøt i kaldt vatn om dei er salte. Kok til kjøtet er møyrt ca. 2-21/2 t. Skum godt. Ta den opp, avkjøl og rensk når den er kald. Del opp i biter. (Dette gjer eg kvelden før eg skal ha den til middag). Sil krafta. Set ein pakke gule erter i vatn natta over.
- Kok kraft og erter til ertene er nesten møyre. Skjer noko av grønnsakene i små firkanter.Ha i gulrøtter, 1 liten kålrabi, purre og 2-3 poteter pr. person mot slutten av koketida. Kok til alt er møyrt. Ha i det oppskorne kjøtet. Ha i klempe dei siste 15 min. Tilsett salt og malen pepper.
Klempe
- ca. 3-400 g. kveitemjøl
- mjølk til passe masse.
Rør godt til ein jamn glatt masse. Ikkje for fast. Ha i suppa siste 15 min. Legg dei med teskei i den kokande suppa (små suppeboller).
Rettens opphav
Denne oppskrifta er sendt inn av Inger Skåden i Innvik Bygdekvinnelag. Ho skriv:
«Dette oppskrifta er ein variant av Klumpesuppe med erter, kjøt og flesk. Klempesuppe er småklubber. Smaken av middagen frå barndomen min. Dette er Vestlandets nasjonalrett med tilbehøret utanfor klubben og i ein suppe av mjølk og kraft.»