
Pinnekjøt
Slik lykkast du med tradisjonsrik saueribbe.
Middagsretter
Middels
3timer
Sogn og Fjordane
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 1500 g pinnekjøt
- 5 dl vatn
Fremgangsmåte
- Om du ikkje har kjøpt ferdig delt pinnekjøt: del ribba på langs mellom kvart ribbein. Legg kjøtet i vatn over natta.
- Damp pimmekjøtet over bjørkepinnar som vert lagde i botnen på ein kasserolle, eller på metallrist. Vatnet skal ikkje gå opp på kjøtet, berre i høgd med underlaget. Legg på lok og damp til kjøtet losnar frå beinet, etter 2-2,5 time.
Server med kokte poteter, kålrabistappe og/eller surkål, eventuelt kokt gulrot og godt drikke. Pinnekjøtt
Rettens opphav
Det finst sikre kjelder på at pinnekjøt, eller saueribbe, ble brukt som julemat på 1700-talet, men truleg har det vore vanleg også tidlegare enn dette, sidan salting og røyking er konserveringsmetodar som går langt tilbake i tid.
Denne oppskrifta er henta fra boka «Fjordamat», skrevet av Åse Kongsvik og Kari Støfringsdal, og utgitt av Sogn og Fjordane Bygdekvinnelag på Selja Forlag i 2008.