
Gubb
Tradisjonsrik seterost, her etter oppskrift frå Lesja.
Tilbehør
Vanskelig
3timer
Oppland
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 45 l kumjølk
- 2 ts osteløype
- 2 l fløyte
Fremgangsmåte
- Ta av 5-6 liter av mjølka. Varm resten i ystepanna (stor gryte) til 30 grader og rør i osteløypa. La blandinga stå i ro til ho har løypt seg (skilt seg i ostestoff og myse).
- Ta ut ostestoffet og kok mysa ved jamn varme til det er redusert til omlag en tredjedel. Set til resten av mjølka, fløyten og ostestoffet. Kok vidare til massen er som ein tunn graut.
- Aus gubben over i trog og rør til han er kald. Ha gubben over i form, til dømes ei langpanne, og la han stivne. Del opp i passelege stykke, som kan oppbevarast i frysaren.
Rettens opphav
Gubb er ein type ost med lange tradisjoner fra områder med seterdrift, som i Nord-Østerdal og nord i Gudbrandsdalen. Denne oppskrifta kommer frå Lesja og er henta frå boka «Hettgjort på stusse», utgitt av Norges Bygdekvinnelag i 1998.