
Potetsuppe
Enkel, god og vitaminrik suppe
Middagsretter
Middels
1timer
Telemark
Lagre som favoritt
Ingredienser
- 8 stk poteter
- 1.5 l vatn
- 1 stk lauk
- 0.5 stk purrelauk
- 40 g smør
- 1.5 dl fløyte
- 2 ss finreven peparrot
- 100 g bacon eller sideflesk
- 0 ukjent salt og pepper
Fremgangsmåte
- Vask, skrell og del opp poteter, lauk og purre. Kokast i vatn til mørt.
- Sil av krafta frå grønnsakane. Ta vare på noko av krafta til å spe suppa med.
- Ha poteter, lauk og purre over i ein blender eller foodprocessor og «kjør» med fløyte, smør og krafta frå potet og lauk til suppa oppnår ein fin fløyelsaktig konsistens utan klumpar.
- Bacon eller sideflesk kuttast i små strimlar og sprøsteikast i steikepanne.
- Smak til med finreven peparrot, salt og pepar.
Server suppa med baconterningar og krutongar. Krutongar er enkelt å lage sjølv, ved å sprøsteike brød i terninger i litt olje i stekepanna eller i omnen.
Rettens opphav
I store delar av Telemark har poteta vore nemnt jordeple. Jordepla eller potetene var me så heldige å få hit til landet vårt for om lag 250 år sidan. Det var frå Peru dei kom. Der hadde inka-indianarene, høgt oppe i Andesfjella, dyrka dei i 1750 år. For inka-folket var jordepla det viktigaste næringsgrunnlaget.
På 1700- talet var det fleire uår i Noreg. Når det var vanskeleg å få tak i nok korn, hjelpe det på litt at sjøfolka stundom fekk med seg frukt og grønsaker til landet vårt. Den fyrste dyrkninga av jordeple som er nemnd i skriftelege kjelder er frå åra 1757 og 1758. Hardanger, Sunhordaland, Agder og Telemark er dei fyrste områda der jordepledyrkinga er kjende frå skriftlege kjelder.
Poteter er ei god c- vitaminkjelde, og c- vitaminene hjelper kroppen i opptak av jern. Potetvatnet du har koka potetene i er fint å drikke, det verkar reinsande. «Din mat skal vere din medisin», sa dei gamle. Og dei viste nok kva dei snakka om. Dei hadde mykje kunnskap om urter, men lite medisin å hjelpe seg med i gamle tider.
Oppskrift og tekst er hentet fra boka Jordeple og søtpotet, oppskrifter og tradisjonstoff, samlet og utgitt av Telemark Bygdekvinnelag i 2011.